tirsdag 27. juni 2017

Eg fann eit gamalt bilde
i arkivet mitt i kveld..
Syns det er utruleg fint,
og det gjev meg gode minner,
ifrå ein fjelltur på sparket,
ein fin haustdag, for
nokre år sidan, like
ovanfor der me bur:)


Tenk å vere så heldig å
ha dette..berre ein liten halvtime
frå heimen..
Eg er utruleg 
takknemleg:)

Men eg veit..no er det sommar,
og eg skal ikkje
drøyme meir om hausten...
..og i dag 
kom sola att:)
Hurra:)

Klem:)

fredag 2. juni 2017

Plutseleg fekk eg lyst til å
lage eit innlegg att.
Det er så lenge sidan sist, at eg nesten har
gløymt korleis eg gjorde det, men
eg fekk det no til..til slutt..


Over ser du mannen min på det
enkle hyttekjøkkenet vårt, og litt
enkle detaljar ifrå hytta.


Under ser du litt ifrå stova heime, og over
den gode kaffikoppen i kvardagen..


Veggen over er på hytta. Den er laga av den
gamle kledningen i osp, og er 
superrustikk..

Under ser du ei gamal dør, som me
har brukt som bord på hytta.


Kvifor dette innlegget?
Jo, av ingen annan grunn enn at
eg elskar å tilbringe tid
på hytta..og eg likar bilder..
av stemningar, både frå der oppe
og heime..

Og eg ynskjer å vise at ein ikkje
treng allslags `ting`
for å ha det godt i livet:)
Det handlar om å vere glad i det
ein har, ikkje sant...?

Og kanskje har eg sakna
blogginga?

Sender ein klem til deg,
som kanskje kikkar 
innom:)

onsdag 31. august 2016




Rart med det..
vakre hausten  
gjev
meg nye krefter og
inspirasjon..
år etter
år..

 ..trur hausten bur i mitt
hjarte..
og i mi sjel..

tirsdag 23. februar 2016

Mine planar om bilder ifrå jula
gjekk i vasken, men her kjem eit par
likevel..eit godt stykke
inn i det nye året:)
..ikkje mange innlegg her for
tida, men eg ventar stadig i spenning
på både lyst og inspirasjon..
I dag var den her
ein augneblink:)

Ha ei fin veke alle:)

torsdag 3. desember 2015

 Me har fått eit lite
dryss med snø..julesnø..:)




tirsdag 3. november 2015

Heklemorgon..
Rart med det, denne lysta
som kjem kvar haust,
etter å hekle
stjerner..
 ..og plukke visna
blomar..


tirsdag 27. oktober 2015

Det er lov å lengte etter 
litt snø no..
..og forsiktig byrje å hekle 
på nokre stjerner att..
..sant..?